Målgruppe
Dette er eit kurs med tips og råd for pårørande til personar med demens som ønskjer å dele sine erfaringar ved å halde innlegg på pårørandeskuler og andre arrangement for pårørande.
Evaluering frå pårørandeskuler viser at innlegg frå pårørande blir høgt verdsett og opnar opp for anerkjenning og aksept hos andre.
Felles samling på arbeidsstova
Kurset er i regi av Nasjonalt senter for aldring og helse i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen. Valldal helselag inviterer til felles samling på arbeidsstova ved Valldal sjukeheim. Det er ikkje påmelding for dei som møter opp der.
Innhald
Kurset gir deltakaren innføring i ulike måter pårørendeerfaringar kan formidlast på, nyttige tips om presentasjonsteknikk og korleis samarbeide med arrangørar.
Kurset består av nettforelesing og filminnslag, via Microsoft Teams.
Delta via eigen pc
Påmeldingsfrist 14. mars Påmelding via lenke.
(NB! Ikkje påmelding for dei som møter fysisk).