Gode råd til vaksne

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan være avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som ser. Vi som arbeidar med barn og unge i Fjord kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle barn og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. Her finn de nyttig informasjon om kven du kan kontakte dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom, samt gode råd som kan vere til hjelp. 

Føresette

Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom kan du ta kontakt med foreldra eller andre pårørande. Du kan fortelje om di uro og kanskje foreslå å hjelpe. 

Dersom du vert avvist av foreldra og framleis er uroa for barnet eller ungdomen, kan du kontakte barnevern, helsestasjon, barnehage eller skule. Det skal du også gjere dersom du kvir deg for å ta kontakt med familien direkte. 

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast. Ta direkte kontakt med barneverntenesta (46411065), interkommunal barnevernvakt (91576020) og/eller politi (02800)
 

Kva signal bør eg sjå etter?

Barn som gjennom livet har vore utsett for gjentatte krenkelsar, kan ofte vere i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at fara er over. 

Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastløyse og ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades. 

Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også vere at teikna har ei heilt anna årsak. 

Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer, samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv. 

Psykiske teikn:

  • Barnet skvetter lett, er engsteleg
  • Konsentrasjonsproblem og uro
  • Irritabilitet og sinneutbrot
  • Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
  • Rusmiddelproblematikk
  • Sjølvskading
  • Hukommelsestap
  • Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)

 

Fysiske teikn:

  • Blåmerker
  • Auge- og ansiktsskader
  • Brannskader
  • Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
  • Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg


Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege.  Meir om risikofaktorar og teikn på vald mot barn
 

Helsestasjon, barnehage eller skule

Du kan også kontakte helsestasjonen, barnehagen eller skulen til barnet/ungdomen og dele di uro. Fjord kommune sitt servicekontor kan hjelpe deg med kontaktinformasjon, eller du kan finne kontaktinformasjon i lenkene under.

Fjord kommunes servicetorg: 418 67 800 
Fjord helsestasjon 
Barnehage 
Grunnskule 
 

Barneverntenesta

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom skal du kontakte barnevernet. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utvikling, får rett hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Informasjon om korleis du kan melde frå til barnevernet som privatperson.

Stranda og Fjord har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på kommunehuset på Stranda. 

Adresse:
Øyna
6200 STRANDA
Telefon: 464 11 065

Stranda og Fjord barnevern - Stranda kommune

Politi

Politiet skal kontaktast ved akutt fare for liv og helse, eller dersom du mistenker at barnet har vore utsett for noko ulovleg. Her kan du lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Telefon: 02800                                                                                                                  

Epost: post.moreogromsdal@politiet.no

Gode råd til trenarar, instruktørar og leiarar i frivillig sektor

•    Sjå: å bli lagt merke til og hugsa på, blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt, og bruk namnet til barnet med respekt.
•    Lytt: Lytt til kva barnet/ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ungdommen si oppleving utan å avbryta eller korrigera. 
•    Gi: Å gi handlar om å vera inkluderande. Sjølv i konkurranseutsette aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle. 
•    Forstå: Vis interesse. Ein vaksen som forstår. Tør å spørja korleis eit barn/ungdom har det- og toler svaret. 
•    Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å setta grenser og vera rettferdig. 
•    Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande forbilde som handtera ueinigheit og at nokon er annleis.