Gjeldande lovverk og forskrifter
Det finns ei rekke lover, forskrifter og nasjonale retningslinjer som regulerer og legg føringar for kommunen sitt tenestetilbod for barn og unge. Desse føringane viser igjen i kommunen sine mange planer og rutiner som ligg tilgjengeleg i tenestenivået i samhandlingsmodellen.
Rettleiarar
Ein rettleiar omtalar og beskriv eit fagområde på eit generelt og overordna nivå. Ein rettleiar kan innehalda ei eller fleire retningslinjer for handtering av spesifikk problematikk innan eit fagområde.
Rundskriv og retningslinjer
Rundskriv inneheld fortolking av korleis lover og forskrifter skal forståast og praktiserast.
Nasjonale faglege retningslinjer inneheld systematisk utvikla faglege tilrådingar som etablerer ein nasjonal standard for utgreiing, behandling og oppfølging av pasientgrupper eller diagnosegrupper. Nasjonale faglege retningslinjer er eit verkemiddel for å bidra til at helse- og omsorgstenestene har god kvalitet, gjer riktige prioriteringar, ikkje har uønska variasjon i tenestetilbodet, løyser samhandlingsutfordringar og tilbyr heilskaplege pasientforløp (kjelde: helsedirektoratet.no).