Overordna samhandling

For å betre ruste kommunen til å møte utfordringar og barrierar som kan vere til hinder for at barn og unge får den hjelpa dei treng er det avgjerande med god tverrfagleg samhandling på eit overordna nivå. Her kan ein forankre arbeidet med barn og unge, samt legge føringar for det førebyggande arbeidet. Tilsette som i det daglege jobbar med barn og unge har også her moglegheit til å løfte problemstillingar og moglegheiter på eit høgare nivå. 

Leiarsamling

Det vert arrangert leiarsamling for alle leiarar (med fullt økonomi og personalansvar) minimum fire gongar per år.  Samlingane vert gjerne brukt til informasjon frå eigne einingar om til dømes økonomi, personalarbeid, innkjøp, digitalisering, personvern, arkiv etc. 

Leiarsamlingane er  ein arena der leiarane møter kvarandre på tvers av einingar. Arenaen vert brukt til kunnskapsdeling og til å bygge fellesskap om verdiar og felles forståing av kva som vert forventa av ein leiar i Fjord kommune.

Kommunedirektøren si leiargruppe

Består av kommunedirektør, kommunalsjef helse, omsorg og velferd, kommunalsjef oppvekst og kultur, kommunalsjef teknisk, næring og miljø, økonomisjef, persjonalsjef og fagsjef samfunn. Treffast ein gong i veka. 

Tverrfagleg leiargruppe for barn og unge

Annakvar månad treffast kommunalsjef for helse, omsorg, velferd, kommunalsjef oppvekst, kultur og flyktning, barnevern, PPT, koordinerande eining, kommunepsykolog, leiar helsestasjon og NAV ved behov.  Her tek ein opp blant anna saker som gjeld barn og unge sine oppvekstvilkår i Fjord, og dersom tilsette har saker dei ynskjer å ta opp med gruppa er dei velkomen til å gjere det.  

Politiråd

Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for det førebyggande arbeidet i Fjord. Det er politirådsmøte fire gongar i året. I desse møta deltek politistasjonsjef og politikontakt, ordførar, kommunedirektør, beredskapsansvarleg og folkehelsekoordinator i aktuelle saker.

Fjord kommune deltek i Ålesunds-regionen sitt politirådssamarbeid nokre gongar i året. I desse møta deltek politikontakt, ordførar og kommunedirektør. 

BTI-gruppe

Tverrfagleg samansett av kommunalsjef oppvekst, kultur og flyktning, helsesjukepleiar, jordmor og kommunepsykolog.

Møte ein gong per månad.

Har ansvar for å utvikle BTI i kommunen ved å; 
•    oppdatere/redigere nettportalen kontinuerleg
•    fremje samhandling og felles innsats 
•    følge opp BTI-ressurspersonar i kommunen 
•    arrangere fagdagar