I Fjord kommune ynskjer vi å ha fokus på medverknad, og at brukaren si stemme skal kome med både på individnivå, etatsnivå og kommunalt nivå. Den kompetansen kvar enkelt brukar har er verdifull og viktig å lytte til. Fjord kommune har ulike fora og råd der barn, unge og deira familiar har brukarmedverknad. Eksempel på dette er ungdomsråd, råd for personar med nedsett funksjonsevne, formannskap og kommunestyre.
Brukarmedverknad på individnivå
Brukarmedverknad på individnivå inneber at den enkelte brukar har innflytelse og påverknad på eige hjelpe- eller behandlingstilbod. Brukarmedverknad på individnivå skjer i dei samanhengar der enkelte bruker er i dialog med fagpersonar om forhold knytt til eigne behov. For at brukarmedverknad skal vere reell må brukaren vere informert om sine rettar.
Brukarmedverknad på individnivå har mange formål
- Brukarmedverknad kan bidra til auke treffsikkerheit i forhold til utforminga og gjennomføringa av både generelle og individuelle tilbod.
- Brukarmedverknad har ein eigenverdi i at menneske som søker hjelp, på lik linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, mottek hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggande verdigheit.
- Dersom ein brukar kan påverke omgivnadane gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påverke sjølvbilete på ein positiv måte og dermed styrke brukaren sin motivasjon.
Barn sin rett til å seie si meining
Alle barn har rett til å bli høyrt i alt som handlar om dei. Det betyr at barn mellom 0 og 18 år har rett til å seie kva dei meiner om alt som skjer, eller skal skje med dei. Barns rett til å seie si meining gjeld i heimen, på skulen, i kommunen, i fritida - kort sagt alt dei driv med.
Retten til å bli høyrt betyr ikkje nødvendigvis at dei har rett til å bestemme, men dei har rett til å delta når noko skal bestemmast.
Brukarmerknad på etatsnivå
Brukarmedverknad på etatsnivå inneber at brukarar er med å påverke, utforme og kvalitetssikre heile tenesta på eit overordna nivå. Dette vert gjort blant anna gjennom ulike brukarundersøkingar og ved å nytte brukarrepresentant i prosjekt og utvikling av tilbod.
Brukarmedverknad på kommunalt nivå
Både barn/unge og foreldre har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere den det gjeld. Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, og er dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velje å forhalde seg til eller ikkje. Brukarmedverknad er nedfelt i fleire lover, blant anna brukar- og pasientrettigheitslova, helse- og omsorgstenestelova og lov om arbeids- og velferdsforvaltninga. Brukarmedverknad har som mål å betre kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell innflytelse på val og utforming av tenestetilbod.
I Fjord kommune praktiserer ein også brukarmedverknad gjennom ulike etablerte forum:
• Ungdomsråd
• Kommunestyre
• Formannskapet
• Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
• Brukarundersøkingar
Med bakgrunn i analyse av ulik informasjon som kommunen hentar inn, vil tenester og tiltak bli evaluert på kommunenivå.
Døme på dette kan vere:
• Brukar- og medarbeidarundersøking
• Tertialrapportar
• Årsmelding
• Tilsyn
• Ståstadanalyse (barnehage og skule)