Gode råd til barn og ungdom

Er du uroa for deg sjølv, dine søsken eller ein ven? 

Fjord kommune skal vere ein god stad å bu og leve for alle. Alle barn har rett til å vere trygge og å ha det dei treng! 

Dersom du kjenner at du har det vanskeleg - heime, på skulen eller i fritida, eller veit om eit barn eller ein ungdom som ikkje har det bra, er det viktig at du seier i frå.  Å seie i frå kan vere med på å gjere slutt på ein vanskeleg situasjon.

I Fjord finst det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for; tankar, kjensler og trivsel, anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Det er lurt å snakke med nokon slik at du kan få hjelp. Nedanfor finn du ei liste over kven du kan kontakte og nokre gode råd.

Nokon du kjenner deg trygg på

Er det ein person du kjenner deg trygg på? Som du syntes det er lett å snakke med? Ein ven, nokon i familien, ein nabo, ein lærar eller kanskje ein trenar? Det er mange du kan snakke med, som vil lytte og hjelpe deg. Dersom du syntes det er vanskeleg å kome på nokon, eller du ynskjer å snakke med andre, kan du ta kontakt med ein av dei som står oppført under her.

Det viktigaste er at du delar det som er vanskeleg med nokon.

Helsesjukepleiar

Fjord Helsestasjon

Det er helsestasjon både i Valldal og Stordal. Helsestasjonane ligg i same bygg som legekontora.  Der jobbar helsesjukepleiar, helsestasjonslege og jordmor, og gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-25 år, foreldre/føresette og gravide. 

Du kan kome innom helsestasjonen, eller ringe/sms. 
Tlf: 418 67 936, Stordal
Tlf. 418 67 951, Valldal  

Du kan også ta kontakt via HelsaMi-appen.    

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar har også faste trefftide ved alle skular i Fjord kommune.

Du kan ta kontakt med helsesjukepleiar på din skule:
Valldal skule – Annie Relling
Telefon: 41867951

Stordal skule – Monika Stavseng
Telefon: 41867936

Eidsdal skule – Anne Gry Myklebust Vestre
Telefon: 41867954

Helsestasjon for ungdom

Lokalisert på helsestasjonen i Valldal.
Det er ikkje faste opningstider, men om du ringer, sender sms eller tek kontakt på HelsaMi-appen får du time same dag, eller seinast innan tre dagar med helsesjukepleiar. Lege er tilgjengeleg for time innan ei veke. 
Tlf: 418 67 954
 

Fastlege

Alle personar som er busett i ei norsk kommune har rett til fastlege. Du har rett til å bytte fastlege inn til to gonger per. kalenderår og du kan ha fastlege i ei anna kommune enn den du bur i. Fastlegen er ansvarleg for å følge opp sine pasientar i opningstida til legekontoret. Det vil seie at dersom du har behov for nokon å snakke med kan du ta kontakt med legekontoret og be om ein time med din fastlege. Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlegens opningstid må du kontakte legevakta (116 117). Dersom det står om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga her.

Fjord legekontor

Barnevern

Barnevern

Stranda og Fjord har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på kommunehuset på Stranda. 

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldra som har ansvar for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Adresse:
Øyna
6200 STRANDA
Telefon: 464 11 065

Stranda og Fjord barnevern 

Barnevernsvakta

Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familier i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at barn og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon: 02800 / 915 76 020

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Då kan du ta kontakt med politiet der du bur. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Nordre Sunnmøre politistasjon, Møre og Romsdal politidistrikt
Vatnevegen 9
6265 Vatne

Telefon: 70 11 87 00
E-post: post.moreogromsdal@politiet.no

Klikk her for å kome til politiet si heimeside. 

 

Hjelpetelefonar, chattetenester og nettstadar
Hjlepetelefonar, chattenester og nettstader
Namn Tilbod Teneste Telefon
Alarmtelefon for barn og unge Opplever du vald i heimen, er utsett for overgrep, er redd for tvangsgifte eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar? Da kan du ta kontakt med alarmtelefonen for barn og unge. Du kan også ringe dersom du trur nokon andre barn har det vanskeleg. Telefon, SMS og e-post 116 111
Barn av rusmis-brukar Har du ei mor, ein far eller andre nær deg som har eit rusproblem? Da kan du nytte deg av chattetilbodet BaRsnakk. Her kan du chatte heilt anonymt om det du har på hjertet. Ingen tema eller spørsmål er feil og du deler kun det du har lyst til. Chat
Kirkens SOS Kors på halsen er Røde Kors` samtaletilbod til alle opp til 18 år. Du kan ringe, maile eller chatte og ta opp det som er viktig for deg. Hos Kors på halsen får du snakke med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Du kan fortelje alt, både dei gode tinga og det du syntes er vondt og vanskeleg. Telefon, chat, mail og diskuter med andre 800 333 21
Mental helse sin hjelpetelefon Mental helses hjelpetelefon er eit felles europeisk hjelpetelefonnummer. Det vil sei at du kan ringe 116 123 i det området du befinner deg og få kontakt med hjelpetelefonen i det landet du oppheld deg, så lenge du er innanfor EU/EØS land. Dette er ei teneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan være anonym og dei har teieplikt. Telefon 116 123
RUStelefonen RUStelefonen er ein landsdekkande informasjonsteneste om rusmiddelproblematikk. Du kan ta kontakt anonymt via telefon, chat eller spørrskjema. RUStelefonens rettleiarar gir informasjon om rusmiddel, rusbruk og rett hjelpetiltak i din landsdel. Du kan ta kontakt enten du er brukar, pårørande eller berre har spørsmål om rus. Telefon, chat og innsending av spørsmål 08588
Ung.no Ung.no er ein offentleg informasjonskanal for ungdom. Dei gir informasjon om dine rettigheiter, moglegheiter og plikter. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 20 år. Nettstad. Kan også sende inn spørsmål
Ungdomstelefonen Ungdomstelefonen er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn, identitet, kjensler, forelsking, aktivitetstilbod eller sikrare sex. Dette er Skeiv Ungdom sin telefon-, chat- og meldingsteneste og vert bemanna av unge vaksne mellom 18 og 30 år Telefon, SMS og chat 400 00 777
Vald og overgrepslinja (VO-linja) Valds- og overgrepslinja er ei hjelpelinje for deg som opplev vald eller overgrep i nære relasjonar. Du kan få hjelp, råd og svar på spørsmål, men du kan også ta kontakt dersom du berre har behov for at nokon lyttar til deg. Du kan også få hjelp til å finne fram til andre hjelpetilbod i nærleiken der du bur. Telefon 116 006
Dine rettigheiter

Barnekonvensjonen er ein avtale mellom nesten alle land i verda. Her står det om korleis alle barn i verden skal ha det. Noreg har underskreve barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen gir barn eigne rettigheiter, for eksempel rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rettigheit er at barn skal verte høyrt i saker som gjeld dei. 

Barnelova (lov om barn og foreldre) regulerer blant anna foreldres plikter og ansvar for barna, og barnas rettigheiter overfor foreldra. Les meir om barnelova på ung.no.

Du har eigne rettigheiter frå du vert født. På ung.no finn du ei liste med oversikt over ein del viktige aldersgrenser for når du er gammal nok - frå 0-24 år.

Har du det vanskeleg heime?

Har du foreldre som ofte krangler, som skal skille seg eller opplever du vald i heimen? Her er lenker til informasjon og gode råd.

Psykisk helse og følelsar
Når foreldre kranglar
Skilsmisse
Råd til deg som har to heimar
Mykje alkohol og rus heime?
Uroa over familiens økonomi
Vald 

Nettvett

Nettvett handlar om å være smart når du brukar nett, enten på mobil, nettbrett eller pc. Både barn og vaksne trenger å lære om nettvett, slik at vi kan unngå kjipe opplevingar når vi spelar, chatter, deler bilete eller er på leit etter informasjon. 

Lenker til info og råd om nettvett

Om nettvett - Redd barna
Redd barnas nettvettregler 
Om nettvett - ung.no
Nettvett.no
Gode råd om nettvett - ung.no
Delbart? - politiet
Er det delbart? Sjå film
Slettmeg.no

Mobbing og utestenging

Har du det ikkje bra? Opplever du utestenging eller mobbing? Er det dårleg miljø i klassa? Er du einsam eller gruar deg til å gå på skule? Slik skal du ikkje ha det, og det er viktig å snakke med nokon om dette. Meld frå til foreldre, lærar eller andre du kjenner deg trygg på.

Her finn du lenker til sider med informasjon om mobbing og utestenging. 

Vert du mobba?
Kjenner du deg utestengt?
Få hjelp mot mobbing
Ein trygg skuledag utan mobbing - Statsforvaltaren

Kropp og seksualitet

Under finn du lenker til meir informasjon om kropp, sex og seksuelle overgrep. 

Lurer du på noko om kropp og sex?
Kva er seksuelle overgrep?
Få hjelp etter seksuelle overgrep