Rettleiing i søknadsarbeidet

Vi ønsker å hjelpe deg som planlegg tiltak

Plan- og bygningslova og jordlova stiller krav til at alle tiltak må vurderast opp mot gjeldande planar og reglar. Kommunen har ansvar for å ivareta desse omsyna – men også for å rettleie deg som vil utvikle eigedomen din.
Vi tilbyr to nivå av rettleiing:

Standard rettleiing – for alle tiltakshavarar

Vi har samla mykje viktig informasjon her på nettsida. Vi anbefaler at du først les gjennom desse sidene:

Desse rettleiarane gir steg-for-steg-hjelp for å forstå kva reglar som gjeld, kva planstatus eigedomen har og kva dokumentasjon du må ha med i ein søknad.

Vi tilbyr i tillegg

  • Enkel avklaring på e-post eller telefon om noko er uklart.
  • Kort møte for å klargjere planstatus eller andre hovudspørsmål.

Ansvar hos tiltakshavar

  • Du har sjølv ansvar for å sende ein fullstendig og god søknad.
  • For meir komplekse tiltak må du ofte bruke ansvarleg søkar eller rådgivar.
  • Kommunen kan ikkje love godkjenning eller skrive søknaden for deg.
     

Formålet med denne rettleiinga

  • Gi deg oversikt over reglar og krav.
  • Peike på kva du må ha med i ein søknad.
  • Gjere deg i stand til å sende ein god og fullstendig søknad.

 

Utvida rettleiing – for fellesskapsføremål

For tiltak som har verdi for fellesskapet i bygdene våre, kan vi tilby meir tilpassa og grundig rettleiing.
Dette kan for eksempel vere:

  • Tiltak frå frivillige lag og organisasjonar.
  • Tiltak som legg til rette for bustadbruk.
  • Prosjekt som styrkar lokale arbeidsplassar eller møteplassar.
     

Vi vurderer kvar sak individuelt for å finne ut kva rettleiingsnivå som passar.

Vi kan tilby

  • Tilpassa møte eller rådgivingstime.
  • Grundigare gjennomgang av planstatus og føresegner.
  • Hjelp til å forstå kva dokumentasjon som krevst.
  • Drøfte realistiske løysingar og neste steg.

Avgrensingar

  • Vi kan ikkje skrive søknaden for deg.
  • Vi kan ikkje love at søknaden blir godkjend.
  • Vi må vurdere alle søknader konkret etter lovverket.

Forventningar til deg som tiltakshavar

For at du skal få mest mogleg ut av rettleiinga, ber vi om at du:

  • Les gjennom informasjonen på nettsida før du avtaler møte.
  • Avklarar kva du ønsker hjelp til.
  • Er budd på at du sjølv har ansvar for å utforme og dokumentere søknaden.
  • Forstår at vi må vurdere alle søknader etter gjeldande planar og reglar.

Avtal rettleiingstime

Ønskjer du ein rettleiingstime – anten for standard eller utvida rettleiing – kan du ta kontakt med oss på e-post eller telefon for å avtale tidspunkt.

Vi ser fram til å hjelpe deg med å forstå regelverket og finne gode løysingar der det er mogleg.

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22
Daria Klymenko
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 41 86 79 28