Søknadsfrist for tildeling av løyve
Tildeling av skjenkeløyve som gjeld:
- ambulerande skjenkeløyve
- skjenking for eit enkelt bestemt høve/ein bestemt del av året
Slike løyve er delegert rådmannen, søknad må sendast minst tre veker før tilstellinga.
Ambulerande skjenkeløyve og enkelthøve
Ambulerande skjenkeløyve gjeld skjenking i slutta lag, og er ikkje knytta til ein bestemt person eller ein bestemt skjenkestad.
Løyve for eit enkelt høve eller for ein bestemt del av året, er for opne arrangement som festivalar og dansearrangement.
Betalingsgebyr for løyve for eitt enkelt høve er sett til kr 1.500, jf. vedtekne Alkoholpolitiske retningslinjer 2025-2028.
Det er normalt ikkje krav om løyve for private arrangement som bryllaup, jubileum o.l., så sant det ikkje blir teke betaling for drikkevarene.
Kva kan ein søke om
Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5volumprosent alkohol.
Løyve det blir søkt for kan vere:
- akoholhaldig drikk inntil 4,7 volumporosent alkohol
- alkoholhaldig drikk inntil 22 volumprosent alkohol¨
- all alkoholhaldig drikk
Lenker
Elektronisk søknadsskjema for enkelthøve eller ambulerande løyve
Satsar for behandlingsgebyr er nedfelt i Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk, kap. 6.
Alkoholpolitiske retninglinjer 2025-2028 for Fjord kommune (PDF, 425 kB)