Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.
Korleis få innvilga skjenkeløyve?
- Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søke om skjenkeløyve.
- Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova.
- Styrar og avløysar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
- Styrar og avløysar må vere over 20 år.
Korleis søke?
Søk om skjenkeløyve på elektronisk søknadsskjema.
Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.
Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottekne.
Vedlegg som må følgje søknaden
- Firmaattest
- Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar
- Leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også sende inn løyve til framleige og fremleigekontrakt.
- Grunneigar sitt løyve til uteservering
- Teikning av lokalet inne og ute
- Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
- Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.
Kor lang tid tek det?
Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.
Rapportering
Omsetning skal rapporterast til Fjord kommune ein gong i året på eige skjema.
Retningslinjer og lovverk
Les retningslinjene for sals-og skjenkeløyve i Fjord kommune (PDF, 425 kB).
Alkoholforskrifta
Publisert 24.05.2022 08.22