Næringsutvikling og etablering

Næringsavdelinga forvaltar den kommunale og statlege næringspolitikken.  Vi legg til rette for å arbeide med næringsutvikling i vid tydning og å vere eit kompetanse- og rådgivningsorgan for alle næringar.

Hoppid

Hoppid er ei ordning der Møre og Romsdal Fylkeskommune, gjennom kommunane, bidrar med midlar til kurs og tilskot til nyetablerarar. Fjordhagen er lokalt Hoppid-kontor.

Gjennom ordninga får både nyetablerarar og eksisterande verksemder tilgang til nettverk, tilskotsordningar, investormiljø og kompetanse. 

Gründertenesta hoppid.no

Kommunalt næringsfond

Fjord kommune sitt næringsfond skal i første rekke nyttast til næringsformål som bedriftsutvikling, etableringstilskot og investeringar i bedrifter. Fondet skal også nyttast til kommunale næringstiltak som kommunalt tiltaksarbeid og grunnlagsinvesteringar knytt til næringsføremål.

Retningslinjer for næringsfondet i Fjord kommune, revidert juni 2025  (PDF, 142 kB)

Søk næringsfondet

Søknadar til næringsfondet vert behandla fortløpande gjennom året. Søk elektronisk via regionalforvaltning.no - søk på Fjord kommune.

Søk om støtte frå næringsfondet

Kven kan få støtte frå næringsfondet?

Tiltak som vert tildelt midlar frå næringsfondet skal støtte opp under ei eller fleire av desse målsettingane:

  •     Etablering av nye og overlevingsdyktige verksemder
  •     Utvikling i eksisterande verksemder
  •     Fleire arbeidsplassar
  •     Innovasjon og utvikling
  •     Fremje entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar
  •     Nyskapande etableringar som kan gi mange arbeidsplassar vert spesielt prioritert
Martin Vos
Seniorrådgjevar personal
E-post
Telefon 92 61 13 66
Fjordhagen AS
Dagleg leiar Gro Marita Stennes Valdal
E-post
Mobil 96 90 09 04