Kva tilbyr vi?
Ein aktivitetskontakt tilbyr hyggeleg samvære og følge til ulike fritidsaktivitetar. Aktivitetskontakten kan bli med deg å gå tur, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa blir gitt ut frå dine behov.
Formålet med ei aktivitetskontakt er at du skal få ei aktiv og meiningsfylt fritid saman med andre.
Aktivitetskontakten treng ikkje ha fagleg bakgrunn, men får rettleiing frå rettleiar.
Kven kan få tilbodet?
Aktivitetskontakt gjeld for personar og familiar som har behov for støtte i fritida på grunn av nedsett funksjonsevne, alder, sosiale problem eller anna. Aktivitetskontakt kan vere eit viktig tiltak i forhold til barn, unge og vaksne med psykiske problem, yngre og eldre funksjonshemma, innvandrarar som er ukjent med det norske samfunnet, familiar med samansatte problem eller rusmisbrukarar.
Slik søker du
Søknad om helse- og omsorgstenester i Fjord (digital søknad)
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester - utskrift (pdf) (PDF, 173 kB)
Det er ingen søknadsfrist, søknader blir behandla fortløpande.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekke sjølv.
Du kan søke om følgjekort dersom du har behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transportmiddel.
Kven kan få følgjekort og korleis kan det brukast.
Har du lyst til å bli aktivitetskontakt?
Sjå korleis du kan søke om å bli aktivitetskontakt