Lånereglar for Fjord bibliotek.
- Fjord bibliotek sine samlingar står gratis til disposisjon for alle.
- Lånekort
Alle som har fast adresse kan få lånekort.
Barn kan få eige lånekort når dei byrjar på skulen.
Barn og ungdom under 15 år må ha underskrift frå føresette.
Legitimasjon kan krevjast ved utskriving av lokalt lånekort.
Ved registrering av Nasjonalt lånekort for lånarar over 15 år skal legitimasjon med bilete framvisast.
Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.
- Lånetid
Bøker: 4 veker
Nye bøker med venteliste: 2 veker
Film: 1 veke
Tidsskrift: 1 veke (siste nummer er ikkje til utlån)
- Materiell som er utlånt kan reserverast for neste lånar.
- Biblioteket kan fjernlåne materiell frå andre bibliotek. For fjernlån gjeld eigarbiblioteket sitt reglement
- Lånaren har plikt til å ta vare på lånt materiell, melde frå om eventuelle feil og sikre omløp ved å levere tilbake innan lånefristen.
- Tapt eller skada materiell må erstattast etter verdi og skjønn. Bøker som er utlånt til barn under 5 år må ikkje erstattast dersom dei vert skada, men bøkene må erstattast dersom dei forsvinn.
- Om ikkje lånet vert tilbakelevert etter purring blir det sendt ut eit tredje varsel med krav om erstatning.
Publisert 30.04.2021 08.35
Sist endra 10.07.2025 10.44