Bli med på Noregs største og kulaste lesekampanje!
Sommarles for elevar i 1.-7. klasse
Sommarles er ein nettbasert lesekampanje for elevar i 1. til 7. klasse. Les så mykje du klarer i løpet av juni, juli og august.

- Opprett ein profil og registrer alt du les der.
- Du samlar digitale trofe og får premiar som du hentar på biblioteket.
- Det er også ei sommarles-fortelling som er spesialskriven for kvart år. Det kjem eit nytt kapittel kvar veke.
- Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også. Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne.
- Det er gratis å delta på Sommarles.
Sommarles - Noregs største og kulaste lesekampanje
Målet er å motivere barna til å lese av eiga lyst. Det skal vare gøy for barna å lese, også for dei som ikkje er så gode fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitene sine gjennom den lange sommerferien og stiller litt sterkare på skulen til hausten.
Publisert 30.04.2021 09.23