Lån filmar

Sjå  film gratis på på Filmoteket og Filmbib på nettet.

Kva er Filmoteket?

Nå kan du låne og sjå film på biblioteka si eiga filmstrøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velge blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne, både eldre og nyare filmer. Her finn du alt frå klassikarar, Oscar-vinnarar og ”blockbustere”, til smalare kvalitetsfilmar og prisbelønte dokumentarar.

Filmoteket er ei gratis strøymeteneste for deg med lånekort på biblioteket.

Sjå filmar gratis på Filmoteket

  • For å registrer deg som brukar treng du eit nasjonalt lånekort frå biblioteket og ei e-postadresse. 
  • Når du låner ein film er den tilgjengeleg for deg i 48 timar.
  • Du kan sjå filmane når som helst og kvar som helst - på PC, Mac, nettbrett og smarttelefonar med Windows, iOS og Android og i alle kjente nettlesarar. Filmen kan også enkelt overførast til større skjerm, via tenester som AirPlay og Chromecast.
  • Du kan sjå inntil fem filmar per månad på Filmoteket.

Kva er filmbib?

Filmbib er ei strøymeteneste for norske kortfilmar og dokumentarfilmar. Filmbib er gratis for deg med lånekort på biblioteket.

Sjå filmar gratis på filmbib.no

For å bruke tenesta må du ha eit nasjonalt lånekort. Du loggar på tenesta med lånarnummer og PIN-kode. 

Ordninga vert administrert av Norsk filminstitutt. Filmrettane er klarert for privat vising og til bruk i klasseromsundervisning.