Det fleirspråklege biblioteket
Du kan låne bøker på ditt eige språk.
Bestille bøker på andre språk
Det flerspråklige biblioteket i Oslo har samlingar på om lag 70 språk.
Søk etter tittel, forfattar eller tema hos “Det flerspråklige bibliotek"
Ta kontakt med oss her på Fjord bibliotek viss du finn noko du ønskjer å bestille. Du låner og leverer tilbake hos oss. Tilbodet er gratis.
Bokdepot
Vi kan bestille pakkar med bøker på forskjellige framandspråk, dette kallar vi depot. Vi kan til dømes bestille eit depot med 30 polske bøker for vaksne. Då vil vi ha desse bøkene til utlån lokalt i tre månader før vi sender dei tilbake.
Ta kontakt med oss viss du ønsker at vi skal bestille eit depot med bøker på eit bestemt språk. Vi vil gjerne vite litt om kven som skal lese bøkene slik at vi får bøker som passar; barn, ungdom eller vaksne, kvinner eller menn, bestemte tema eller sjangrar. Lærarar som underviser framandspråklege barn eller vaksne kan gjerne bestille depot til sine elevar.
Publisert 30.04.2021 09.01
Sist endra 10.07.2025 11.55