Mennesket i sentrum
Det er mennesket som står i sentrum og gjennom kjente, trygge oppgåver og samhald skaper vi innhaldsrike dagar der dei får kjenne på meistring og sjølvstende. Opningstida er måndag til fredag klokka 9-14, men om sommaren er det ofte turdagar på planen. Aktivitetane strekker seg frå temabaserte oppgåver og kontorarbeid til turar i skogen, plenklipping og marsvinhald. Det vert også produsert diverse varer for sal.
Uteområdet
Det vert jobba med fornying og utviding av uteområdet ved sjukeheimen og Glimt. Uteområdet skal gi endå fleire gode aktivitetar i form av sansehage, vedkløyving, spelesone, drivhus, grønnsaksdyrking og dyrehald. Fleire brukargrupper skal bli inkludert i aktivitetane.
Produkt til sals
Glimt lagar mange fine produkt for sal, mellom anna forkle, body til born og t-skjorter med valfritt trykk, tennbrikettar, skjærefjøler med namn, toalettmapper og gryteklutar. Kom gjerne innom for ein hyggeleg handel, eller ta kontakt med driftsleiar Hanne.
Kvar finn du oss
Glimt ligg mellom Syltebøen barnehage og Valldal sjukeheim i Valldal sentrum.
Adresse: Olavsgata 36, 6210 Valldal