Velferdsteknologi

Fjord kommune skal framover arbeid målretta med velferdsteknologi. Her er store utviklingsmulegheiter, og vi er avhengig av å hente ut potensialet som ligg her, for å kunne gi god nok hjelp i framtida. Demografiske utfordringar, spreidd busetting, avgrensa tilgang på kompetansearbeidskraft og dårleg økonomi tvingar fram andre måtar å yte tenester på. 

Dette gjer det nødvendig å tenke nytt og innovativt, både av innbyggarane og av kommunen:

  • Innbyggarane kan sjølv planlegge og leggja til rette for alderdommen. Ved behov blir det søkt om støtte til ombyggingar og tiltak i heimen.  
  • Kommunen skal passe på at dei menneskelege ressursane blir brukt til å gi omsorg, og ikkje til oppgåver som kan gjerast meir effektivt ved hjelp av teknologi og digitale løysingar.   

Velferdsteknologi er ein viktig del av digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene. Innføringa av desse teknologiane vil føre til endringar i tenestene til brukarane. Dette arbeidet må skje på ein trygg og god måte, der ein tek omsyn til tryggleik, personvern og brukarane sine ønskjer og behov.

Kva er velferdsteknologi
Kva kan du gjere sjølv
Kva kan kommunen hjelpe deg med?
Ulike typar teknologiar og hjelpemiddel
Velferdsteknologi i Fjord kommune
Nyttige lenker om velferdsteknologi