Utlevering og innlevering av hjelpemiddelLytt til tekstenStopp avspillingUtlevering av hjelpemiddelHente sjølv Når hjelpemiddelet kjem til kommunen, kan du hente dette sjølv. Hjelpemiddel vert utlevert ved Stordalstunet i arbeidstida på vekedagane. Kontakt hjelpemiddelteknikar Ingo Woseck på tlf. 418 67 911 for å avtale henting når du har fått beskjed om at hjelpemiddelet er klart til henting. Utkøyring og montering av hjelpemiddel Viss du ikkje kan hente hjelpemiddelet sjølv, eller hjelpemiddelet krev montering, vil ein hjelpemiddelteknikar levere og montere det heime hos deg. Det vil bli gjort avtale om tidspunkt for levering.Innlevering av hjelpemiddelNår du ikke lenger har behov for eit hjelpemiddel, skal det leverast tilbake. Levere sjølv Du kan sjølv levere tilbake hjelpemiddelet til Hjelpemiddelforvaltningen i kommunen, som held til på Stordalstunet. Ring hjelpemiddelteknikar og avtal levering. Hentast av hjelpemiddeltekniker Viss hjelpemiddelet er vanskeleg å få med seg, eller må demonterast vil hjelpemiddelforvaltninga koordinere henting for deg. Ring hjelpemiddelteknikar og avtal henting. BehandlingshjelpemiddelBehandlingshjelpemiddel skal leverast tilbake til Regional eining for behandlingshjelpemiddel ved St. Olavs når det ikkje er bruk for det lenger. Kommunen har ikkje ansvar for dette. Les mer om behandlingshjelpemidler Publisert 05.06.2025 12.56