Kva er ein privat bustad med kommunal tildeling?
Dette er private bustadar som kommunen har avtale om å tilvise til. Det betyr at du søker gjennom kommunen, og kommunen vurderer om du oppfyller krava for å få tildelt bustad.
Bustadane er spesielt godt eigna for:
- eldre og seniorar
- personar med nedsett funksjonsevne
- einslege med forsørgaransvar for barn med samansette behov
Kven kan søke?
For å kunne få tildelt bustad må du oppfylle eitt eller fleire av desse kriteria:
- Du bur eller oppheld deg i Fjord kommune
- Du har moderat funksjonssvikt, og bustaden kan bidra til å førebygge ytterlegare svikt
- Du har behov for helse- og omsorgstenester av varig karakter
- Du har behov for tilrettelagt bustad i eit førebyggande perspektiv
- Du er einsleg med forsørgaransvar for barn med samansette behov
Vilkår for tildeling av bustad i Fjord kommune (PDF, 116 kB)
Slik søker du
Søknad om leige av bustad med kommunal tildeling
Har du spørsmål?
Ta kontakt med oss for rettleiing i søknadsprosessen eller for å få meir informasjon om bustadane og kriterium for tildeling.
Om bustadane
Bustadane som inngår i ordninga ligg i Stordal.
Sandvikgata 18Sandvikgata 18 i Stordal
Bustaden ligg i sentrum og er nyrenovert i 2025.
Bustaden har 2 leilegheiter over to plan med 2 soverom (61 m2). Innvendig og utvendig trapp, ikkje livsløpsstandard.
Leigepris kr 9 300 per månad.
(vi har ikkje prospekt på disse bustadane)
NyvolltunetNyvolltunet i Stordal
Bustaden ligg nært Stordalstunet og skule (1.-10. klasse).
4 leilegheiter i nybygg med livløpstandard. 2 soverom og alt på eitt plan (80m2).
Leigepris kr 12 000 per månad.
Prospekt for Nyvolltunet (PDF, 10 MB)