Redusert foreldrebetaling

Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har lav inntekt. Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 prosent av brutto årsinntekt for ein plass i SFO.

Søskenmoderasjon 

Det vert gitt følgjande søskenmoderasjon for SFO:

  • 2. barn: 30 prosent reduksjon
  • 3. og påfølgande barn: 50 prosent reduksjon

Anna informasjon

Alle barn som startar i 1., 2. og 3. klasse har rett til 12 timar gratis SFO per veke.

Kommunane skal ha eit tilbod om SFO for barn med særskilte behov på 1. - 7. trinn. Tilbodet på 5. - 7. trinn skal vere gratis. (§ 2-3 i Forskrift til Opplæringsloven)


 

Redusert foreldrebetaling SFO

Slik søker du

 Søk om redusert foreldrebetaling

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mai kvart år om du vil ha søknaden behandla innan nytt SFO-år tek til i august. Etter søknadsfristen bli søknadane behandla fortløpande.

Klage

Du har rett til å klage. Ei eventuell klage må vere skriftleg og sendast til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal. Klagefristen er 3 veker etter at vedtak er motteke. 

Mariann Ringdal Birkhol
Kommunalsjef oppvekst og kultur
E-post
Telefon 41 86 78 30