Redusert foreldrebetaling SFO
Ordninga gjeld for elevar i kommunal SFO.
Søknaden gjeld for maksimalt eit skuleår om gangen. Eit skuleår startar i august.
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Om du søker etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
Betaling for kost kan komme i tillegg.
Inntekt
Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldninga si samla person- og kapitalinntekt. Omgrepet "hushaldning" omfattar i tillegg til ektefeller og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal altså inntekt til sambuar takast med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.
Sjølvmelding skal leggast ved som dokumentasjon. Dersom det er endringar sidan siste sjølvmelding, eller eit beløp manglar, er du som søker pliktig til å opplyse og dokumentere dette når du søker.
Gratis SFO for barn med særskilte behov
Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal ha gode utviklingsvilkår. Desse barna skal ha eit utbytte av å gå i SFO ut over 4.t rinn.
Plassering og innhald
Barn med særskilte behov har ikkje rett til spesialundervisning i SFO fordi SFO ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, § 11 i opplæringslova gjeld berre for grunnskuleopplæring.
Kven gjeld ordninga for
Fjord kommune ønsker å sikre at barn med nedsett funksjonsevne har gode oppvekstvilkår.
Barn med særskilte behov i SFO er i Fjord definert som:
- Svært sjuke born
- Born som treng ekstra stell og særleg tilsyn
- Born med store åtferdsavvik
Krav til dokumentasjon
- Legeerklæring
- Uttale frå PPT i forhold til åtferdsavvik, ikkje lærevanskar
- Uttale frå BUP
Forskrift
Forskrift om miljørettet helsevern i barnhager og skoler m.v.