Godkjenning og tilsyn med barnehagar

Kommunen har ei rettleiingsplikt overfor dei som ønsker å etablere ny barnehage eller utvide eksisterande drift.

Før en barnehage kan settas i drift, må den godkjennast av kommunen. Kommunen avgjer søknad om godkjenning av barnehagar etter ei konkret vurdering av barnehagen er eigna i forhold til formål og innhald. Kommunen kan ved godkjenning sette vilkår for drifta med omnsyn til talet på barn, barna sin alder og opphaldstid. Barnehageeigar forpliktar seg til å drive virksomheita i tråd med gjeldande regelverk, både med hensyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og sikkerheit. Krava er mellom anna:

  • Barnehagen sine vedtekter skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstid
  • For å sikre samarbeidet med barna sin heim skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
  • Barnehagen skal føre internkontroll

Ved store aktivitetsendringar i eksisterande barnehagar må det søkast ny godkjenning.

Søknad om godkjenning av barnehagen etter Lov om barnehager §10  blir behandla av kommunalsjef oppvekst og kultur.

Kommunen har plikt til å behandle søknaden så snart som mogleg. Dersom søkanden ikkje kan avgjerast innan ein måned, skal du ha skriftleg svar om grunnen til dette, med opplysning om når ein antek at vedtaket vil bli fatta.

Søkjar har elles rett til å sjå alle dokument i den aktuelle saka, samt rett til å klage på vedtaket i saka.

Når barnehagen er godkjent og i drift, gjennomfører kommunen jamnleg tilsyn med at gjeldande lov og regelverk blir fulgt.

Kriteriar og vilkår
Om søknadsprosessen
Kvar skal søknaden sendast
Saksbehandling
Klage

Tilsyn med barnehagar

Kommunen skal føre tilsyn med at alle kommunale og private barnehagar følger det som er bestemt i barnehagelova og i forskrift om miljøretta helsevern. Kommunen fører også tilsyn med barnehagen sitt innhald og kvalitet.

Tilsyn kan gjerast gjennom skriftleg dokumentasjon frå barnehagane og ved tilsynsbesøk i barnehagen. Det er ikkje bestemt kor ofte og korleis tilsynet skal gjennomførast.

Dersom det blir oppdaga uforsvarlege eller ulovlege forhold i tilsynet kan kommunen gi pålegg om at dette skal rettast opp innan ein gitt frist. Dersom fristen ikkje blir overhalden, kan kommunen stenge barnehagen for ei periode. Dersom forholda ikkje lar seg rette, kan kommunen vedta at barnehagen blir stengt permanent.

Barnas miljø i barnehagene

Tilsyn etter forskrift om miljøretta helsevern omhandlar mellom anna inneklima, smittevern, sikkerheit, hygieniske forhold, internkontroll og andre helsemessige faktorar. Barn skal vere beskytta mot risiko i barnehagen, og har rett til eit helsefremmande miljø. Det er kommunen si helsetjeneste som fører tilsyn etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Andre instansar som kan føre tilsyn med barnehagane

Brannvesenet, Mattilsynet og Arbeidstilsynet kan også føre tilsyn med barnehagane innafor sitt område. I tillegg blir det ført tilsyn med barnehagane sitt uteområde etter forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr.

Vil du vite meir?

Mariann Birkhol
Kommunalsjef oppvekst og kultur
E-post
Telefon 41 86 78 30