Generelt om barnehagen

Syltebøen barnehage er ein fire avdelings barnehage med to avdelingar for aldersgruppa 1 – 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år.

Visjonen vår er 
«Saman i leik, undring, meistring og læring»

For oss betyr dette at vi vil legge til rette for leikprega aktivitetar der barn og vaksne deltek og opplever undring, meistring og læring i eit trygt psykososialt miljø.

I personalgruppa arbeider vi for å bli gode autoritative vaksne. Vi har eit godt arbeidsmiljø og ei godt utdanna personalgruppe.
Vi har mulegheit til å bruke idrettshall, og biblioteket er like ved. I nærmiljøet er det fine mål for korte og lengre turar. Uteområdet vårt er fint, og har vore oppgradert dei siste åra.

Fokusområdet for utviklingsarbeid er leik og innkludering. For å utvikle god leik er godt språk og god kommunikasjon en føresetnad. Vi arbeider aktivt med å utvikle ASK for å styrke barn si språkutvikling. Det omfattar aktiv bruk av biletstøtte og teikn til tale.
 

Syltebøen barnehage
Telefon 41 86 78 81

Adresse

Olavsgata 20
6210 Valldal

Åpningstider

Måndag - fredag kl. 07.00 -16.30