Barnehagen sine rutiner som gjeld mat og måltid. Fokus på meistring, den gode samtalen og sunn mat.
Frukost
Barnehagen har felles frukost mellom klokka 08.00 og 09.00. Dei som skal ete frukost her må vere komne innan klokka 08.30. Barna har med seg frukost i matboks. Dei får mjølk eller vatn.
Dei som kjem under frukost (og har ete frukost heime) får halde på med bordaktivitet eller liknande til dei andre er ferdige.
Meistring og sunn mat
Barna får faste plassar. Vi vil gjere måltidet så roleg som mogleg, og passe på at alle får nok tid til å ete ferdig maten sin. Vi ønskjer at måltida i barnehagen skal opplevast som ein positiv situasjon både sosialt og emosjonelt. Vi vil leggje til rette for at barna gradvis lærer å meistre å ete og smøre på maten sin. Dei vaksne skal hjelpe barna til å smøre på maten men og til å meistre mest mogleg sjølv. I tillegg vil vi ha fokus på kva som er sunt å ete, kvifor og kva som er bra for kroppen når vi et akkurat det. Den gode samtalen ved bordet er viktig, vi tar oss god tid til å prate skikkeleg saman. Vi vil legge vekt på å ha det koseleg ved måltida.
5 om dagen
Barnehagen er registrert som ein “5 om dagen-barnehage”. Det vil seie at vi har fokus på å servere frukt og grønsaker i tråd med myndigheitene sine anbefalingar.
Publisert 29.10.2020 13.26