Mobilt pass- og ID-kontor hausten 2025

Det er ledige timar for å bestille pass og ID-kort på det mobile kontoret som kjem til Valldal 25. - 26. september.

pass og nasjonalt ID-kort - Klikk for stort biletePass og nasjonalt ID-kort Politiet

Mobilt pass og ID-kontor

Politiet har eit mobilt pass- og ID-kontor i ein bil ("passbussen") som køyrer mellom ulike stoppestader i heile landet. Kontoret har utstyr for å bestille nytt pass og nasjonalt ID-kort. Det er to slike bilar i Norge, og Valldal er ein av stoppestadane på køyreruta.

Bestill time

Om du vil benytte deg av tilbodet må du bestille deg time til passbussen hos politiet. Det er ikkje høve til drop-in timar. Samtykke frå føresette som gjeld passs til barn kan gjerast utan avtalt time. 
All generell informasjon om pass-søknader og samtykke finn du på på politiet si nettside
 

Bestill time til pass og ID-kort hos politiet.no 


Om du ikkje finn ledige timar så følg med på bestillingssida om det dukkar opp noko som blir ledig som resultat av avbestillingar.

Tid og stad

Det mobile kontoret blir ståande på nedsida av rådhuset til desse tidene hausten 2025:

Torsdag 25. september kl. 08.00 - 16.00.
Fredag 26. september kl.  08.00 - 12.00.