Beredskapsorganisasjon
Kommunen si kriseleiing trer saman når noko ekstraordinært skjer. Kommunedirektør er leiar i kriseleiinga, og ordførar er kontaktperson utad.
Kommunen vil bruke eigen organisasjon, og dra vekslar på kompetanse og ressursar som finst. Det er også lagt til rette for samarbeid med andre som Heimevern, Politi og Røde Kors.
Overordna beredskapsplan (PDF, 627 kB)
Naudkommunikasjon
Ved større brot i straum- og/eller telenettet kan kommunen etablere fleire oppmøtestader der innbyggjarane kan få hjelp.
Det er aggregat og satelittelefonar på følgjande oppmøtestader:
- Omsorgbustaden i Eidsdal
- Valldal sjukeheim
- Stordalstunet
- Overøye v/Johan Arnt
Har nokon akutt behov for å kome i kontakt med kommunen kan ein ringe kommunedirektør på tlf. 926 41 926. Er det akutte situasjonar skal naudtelefonane nyttast.
Regjeringa har oppretta ei eiga nettside - www.kriseinfo.no der aktuell informasjon skal samlast under større hendingar.
Lokalt vil kommunen si heimeside bli nytta som viktig informasjonskanal.
Publisert 10.07.2025 08.28