
"Du er ein del av Norges beredskap"
Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn der vi er vant tl at det meste fungerer som det skal. Vi er imidlertid avhengig av straum, vatn og internett, og det gjer oss sårbare.
Det er fleire forhold som gjer at ein kjem med eigenberedskapsråd til befolkninga. Verda rundt oss blir stadig meir uroleg, og vi må vere førebudd på at ting kan ramme oss.
Eigenberedskap for ei veke
Kva gjer du om straumen forsvinn over fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke eller det ikkje er vatn i kranen? DSB har lansert kampanjen "Du er en del av Norges beredskap" for å styrke bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga. Ved å vere førebudd i ei veke blir du bedre i stand til å handtere alt frå små forstyrrelsar i kvardagen til større kriser.
Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å førebu seg best muleg om noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar - som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.
Les meir på www.sikkerhverdag.no.
Meir informasjon om eigenberedskap finn du her.
Publisert 10.07.2025 09.03