Pusse opp eller bygge om?

Bustaden din skal vere god å leve i heile livet, men behova dine endrar seg med alderen. Så kva grep bør du vurdere no som gjer livet lettare om nokre år?

Finn løysingar som aukar den generelle bruksverdien av bustaden. Ein bustad som varer lenge bør ha:

  • trinnfri tilkomst
  • alle hovudfunksjonar på inngangsplanet
  • god plass på badet

Legg ein plan

Det er smart å legge ein plan for bustaden din medan du enno har overskot til å gjere noko med den. 

Ta gjerne utgangspunkt i råda frå Direktoratet for byggkvalitet:

Rom for rom - kva bør du tenke på?

Her har vi samla nokre gode råd for kvart enkelt rom i huset.

Bad og dusj
Kjøkken
Dører, tersklar og gang
Stove og uteplass
Inngangsparti
Tilkomstveg og garasje/carport

 

Behov for råd og rettleiing?

Ta kontakt med oss for m.a.:

  • Råd og rettleiing på kva som bør utbetrast i bustaden
  • Forslag til løysingar somkan gjere bustaden funksjonell
  • Informasjon om aktuelle økonomiske støtteordningar
  • Rettleie i søknadsprosessar