Gjer heimen din tryggare

Det finst mange produkt på marknaden som gjø\er at du kan du få ein tryggare hjem - både i dag og i framtida.

Under ser du nokre eksempel på smarte grep og produkt vi anbefalar at du blir litt kjent med.

Tryggleik i heimen - rom for rom

I kvart enkelt rom i huset er det både farer og enkle tiltak du kan gjere for å auke tryggleiken. Sjekk ut brosjyra frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap på denne linken:

Trygghet_i_hjemmet (PDF, 2 MB)

Illustrasjon brosjyre - Klikk for stort bilete

Automatisk belysning

Ved hjelp av lyspærer med rørslesensor kan du få lyset til å automatisk slå seg på når du kjem inn i eit rom.
Du kan også sette opp slik at lys slår seg av og på til bestemte tider eller betene det frå mobilen.  

Mange elektronikk-kjeder har enkle og billege produkt du kan prøve ut.

Robotar

Det finst robotar som kan ta seg av grasklippinga, støvsuginga og vindusvasken heime.

Ta ein prat med din lokale elektronikkbutikk eller byggvarehus for utval og pris. 

Les test av robotstøvsugere hos Best i test her.

Les test av robotgressklippere hos Best i test her.

Bustadalarm

Ny teknologi gjer at du sjølv kan installere bustadalarm utan å vere tilknytt eit alarmselskap. 

Då kan du få varsel på mobilen eller ein pårørande sin mobil om det er brann, bevegelse ein plass, innbrot eller lekkasjar. Praktisk å ha på hytta også!

Les test av heimealarm hos Best i test her.

Smarte brannvarslarar

Røykvarslarar reddar liv og nokre er "smartare" enn andre. Dei kan gå på straumm, vere seriekopla og kan knytast til telefonen din. Slik får du eller ein pårørande varsel på telefonen om alarmen vert utløyst heime. Har du eit kamera installert i tillegg, kan du sjå live video for å bekrefte branntilløpet og varsle sjølv når du ikkje er heime. Les mer under Bustadalarm. 

Du bør også ha komfyrvakt som avvergar komfyrbrann.
Les om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

Eigenberedskap

Du bør ha utstyr heime til å kunne klare deg sjølv i inntil ei veke. Det inneber nok vatn, mat, medisintr, varme og radio på batteri.  

Les råd om eigenberedskap på Sikkerhverdag.no. 

Illustrasjon - Klikk for stort bilete