Røysting ved sjukdom eller uførheit og røysting på valdagen

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan røyste på dei ordinære førehandsrøystestadane eller dei ordinære vallokala på valdagen, kan søkje om å røyste heime / der dei oppheld seg.

Søknad om å røyste heime / der du oppheld deg (ambulerande røysting) må vere kome inn til kommunen innan kl. 12.00 torsdag 4. september. 
Søknaden kan sendast skriftleg til post@fjord.kommune.no eller ved å ta kontakt med kommunen på telefon 418 67 800.

Tid og stad for røysting på valdagen måndag 8. september 2025

Valldal krins: Martin Linge-huset, idrettshallen kl. 10-20
Stordal krins: Stordalshallen kl. 10-19
Eidsdal krins: Eidsdal skule, gymsalen kl. 13-18

Artikkelliste