
Det er sett ned ei brei ressursgruppe som består av tilsette, tillitstvalt, kultur, råda og pårørandeforeninga. Mykje kompetanse var samla på rådhuset 5. september for å kome med innspel til dei to strategiane for kultur, og helse, omsorg og velferd - i tillegg til Levekårsplanen.
Dei fekk orientering om utfordringsbildet, og Levekårstrappa som er under utarbeidet. Medlemane i ressursgruppa har delteke i tre arbeidsgrupper saman med administrasjonen der ein til no har kartlagt no-situasjonen for skyss, møteplassar og samskaping i kommunen. Dette vart gjennomgått i plenum.
Deretter var det gruppearbeid der to hovudspørsmål skulle svarast ut:
• Sett opp minimum tre punkt med behov for endring/tilpassing utifrå no-situasjonen
• Korleis kan de bidra til å sikre brei medverknad og gode løysingar i Levekårsplanen?
Det kom fram gode punkt som det skal arbeidast med vidare til neste møte i oktober.