Tverrfagleg samhandling

Til ei kvar tid er det barn og unge som har behov for eit samansett tenestetilbod med oppfølging som involvera fleire aktørar i velferdstenestene. For å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar, er det med verknad frå 1. august 2022 vedtatt bestemmingar om samarbeid, samordning, barnekoordinator og individuell plan. Dei nye bestemmingane har medført endringar i 13 lovverk.

Retteiar: Samarbeid om tjenester til barn og unge og deres familier

Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir også betre på å koordinere innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande. Tverrfagleg samhandling er eit felles ansvar og alle tilsette som arbeidar med barn, unge og familie skal samarbeide om å gje eit heilskapleg og koordinert tilbod.

Les meir på Regjeringa sine side om du vil vite meir om teieplikt, opplysningsrett og -plikt.
 

Samhandlingsareana

Styrarmøte for barnehagane
Rektormøte
Fellesmøte oppvekst
Tverrfaglege barnehage-/skuleteammøter - "Laget rundt barnet"
Koordinerte møter / ansvarsgruppemøter

Rutinar og føringar for god samhandling

Teieplikt
Samtykke
Anonyme drøftingar
Opplysningsplikt og meldeplikt