Alle meneske uansett alder har godt av å kome seg ut og møte andre. Nedanfor har vi samla informasjon om ulike møteplassar for seniorar i Fjord.
Kanskje finn du noko som passar for deg? Stikk innom for ein prat.
Aktivitetar og sosiale møteplassar i Fjord
Trykk på pussteiknet for å lese meir om innhald, tid og stad for dei ulike aktivitetane.
Dametreff, Stordal
Ein møteplass for damene.
Stad: Stordal frivilligsentral
Tid: kvar tysdag
Eidsdal-Norddal pensjonistlag
i møtest i kjellarstova på omsorgsbustaden i Eidsdal, og her er det både alvor, skjemt, fin musikk og minne frå svunne tider. Fellesskap er viktig for oss.
Eidsdal-Norddal pensjonistlag
Fjørå og Valldal pensjonistlag
Fredagskafe, Valldal omsorgsbustad
Servering av kaffi og kaker. Underhaldning ved kulturskulen. Vert arrangert av fleire frivillige lag på omgang ein fredag i månaden unntatt om sommaren. Følg med på plakatar og på aktivitetskalenderen på nettsida for meir informasjon om datoar. Ope for alle. Velkomen!
Stad: stova på open omsorg, Valldal
Helsebading
Det er helsebading kvar onsdag, unntatt i feriar. Det er instruktør er til stades annankvar gong (partalsveker).
Helsebadinga varer frå kl 16.00 - 17.30 og instruktøren vil vere til stades i tidsrommet 16.00 - 16.45.
Stad: bassenget på Muritunet
Herreklubben, Stordal
Herreklubben møtest måndag og fredag på Stordal frivilligsentral.
Kviss på dagtid
Bli med på kviss! Her skal vi huske ting, le litt og prate litt.
Alle er velkomne! Kvissmeister er Eva Hilde Lingås.
Stad: biblioteket i Valldal
Tid: første onsdag i månaden kl 11.30-13.00
Naturmøteplassen
Vi inviterer til bålkaffi og prat.
Stad: grindløa ved skytebana på Øygarden, Valldal
Tid: annankvar tysdag (partalsveker) klokka 12.00 - 13.30 (ikkje januar, februar, juli, august)
Seniordans
Stad: Martin Linge-huset i Valldal
Tid: torsdag kl. 15-17
Seniornett Stordal
Møtet er ope for alle seniorar (55+) som ønskjer å bli tryggare i bruk av digitale verktøy og tenester.
Stad: Stordal frivilligsentral
Tid: annankvar torsdag kl. 14-16
Stordal - Seniornett Norge
Seniornett Valldal
Seniornett er eit datatilbod til seniorar i Fjord kommune. Alle er velkomne til samlingane.
Stad: Biblioteket i Valldal
Tid: annankvar måndag kl 10.30-12.30
Valldal - Seniornett Norge
Stordal og Liabygda pensjonistlag
Om det er aktivitetar som manglar på oversikta så send gjerne informasjon til frivillig@fjord.kommune.no
Publisert 17.01.2025 13.50