Søknad om utsleppsløyve

Søknad om utsleppsløyve

Etablering av nye utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vesentleg auke av eksisterande utslepp, er søknadspliktig jamfør forureiningsforskrifta kapittel 12. Søknadsplikta gjeld også når avløp går til tett tank. Bruk elektronisk søknadsskjema. Les rettleiinga her (PDF, 375 kB).

Etablere eller utbedre

Om du har behov for å etablere eller utbetre eit avløpsanlegg, må du sende søknad om utsleppsløyve, rapport om grunnundersøkingar og nabovarsel til kommunen.

Gjeld utsleppsløyve nytt tiltak (ny bustad, fritidsbustad m.m.), bør søknaden sendast inn samstundes  med søknad om byggeløyve.

Vi anbefaler at du tar kontakt med kommunen før du gjer utbetringar på anlegget ditt. Mindre endringar av anlegget kan vere bortkasta pengar, om kommunen krev andre typer utbetringar.

Sæmund Vattøy
Ingeniør VA og byggsak
E-post
Telefon 934 41 696