Kommunal planstrategi
Innan første året i kvar valperiode skal kommunestyret vedta ein kommunal planstrategi. Dette er ikkje ein plan, men eit verktøy for kommunen til å fastleggje og prioritere det vidare planarbeidet.
Føremålet med den kommunale planstrategien er å få ein samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar.
Planstrategien er heimla i plan- og bygningslova § 10-1. Det står her at planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, irekna langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i valperioden.
Fjord sin første planstrategi vart vedteken i kommunestyret 04.02.21 (PDF, 3 MB).
Kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommuneplanen sin samfunnsdel fastset mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal vere grunnlag for sektorane sine planar og verksemd i kommunen.
Samfunnsdelen har ein handlingsdel med fire års perspektiv som syner korleis planen skal følgjast opp. Handlingsdelen skal konkretisere mål og tiltak knytt til målsetjinga, satsingsområde og strategiar i samfunnsdelen. Handlingsdelen gjer ei prioritering av kva vi bør få utført gjennom økonomiplanen, dei økonomiske ramma vil avgjere kva vi kan få utført. Det skal vere samsvar mellom handlingsdelen og økonomiplanen.
Fjord kommunestyre vedtok samfunnsdelen i møte 10.02.22.
Kunnskapsgrunnlaget finn du her.
Kommuneplanen sin arealdel
Gjeldande arealdel består av følgjande planar frå Norddal og Stordal:
Norddal
Stordal