Vil du kjøpe deg ei bustadtomt i Norddal, Eidsdal, Tafjord, Fjøra, Valldal eller Stordal? Fjord kommune har ledige tomter i alle bygdene. Kommunestyret har fastsett ein fastpris på kr 50 pr. kvadratmeter. Samstundes vart det bestemt at einskilde tomter i Valldal, Stordal og på Dyrkorn skal lysast ut gratis
Oversikt over tomter i dei ulike bygdene
Eidsdal
Langereiten og Blomrobben bustadfelt (PDF, 3 MB)
Norddal
Ekrå og Ekrebakkane bustadfelt (PDF, 4 MB)
Tafjord (PDF, 2 MB)
Fjørå (PDF, 2 MB)
Valldal
Muriberget bustadfelt (PDF, 2 MB)
Murigjerdet bustadfelt (PDF, 2 MB)
Nerås bustadfelt (PDF, 3 MB)
Omenås bustadfelt (PDF, 4 MB)
Stordal
Røbbane, Vinjehjellane og Griggåsrøbbane bustadfelt (PDF, 5 MB)
Vilkår for kjøp av kommunal bustadtomt
Tomtene delast ut etter «første-mann-til-mølla»-prinsippet. Dei som ynskjer å kjøpe ei av tomtene må sende inn søknad gjennom digitalt søknadsskjema
Kommunen set fylgjande krav ved kjøp av kommunal bustadtomt:
- Kommune sender skøyte når faktura for tomt inkl. gebyr/avgift er betalt og signert kjøpekontrakt er returnert til kommunen
- Byggetiltak må settast i gong innan to år .
- Ikkje utbygd tomt vert tilbakeført til Fjord kommune etter to år.
- Kjøpar har ikkje løyve til å selje tomta vidare.
- Kjøparar som ikkje alt er innbyggarar i Fjord kommune må melde flytting når bustaden er innflyttingsklar.
Tilknytingsgebyr for kraft, vatn og avløp kjem i tillegg.