Varsel om oppstart for utvida planområde og høyring av revidert «Planprogram for områderegulering med KU Raudbergvika – Eidsdal.»

Varsel om oppstart for utvida planområde og høyring av revidert «Planprogram for områderegulering med KU Raudbergvika – Eidsdal.»

Formannskapet har gjort vedtak om høyring av oppdatert planprogram for Raudbergvika. Planprogrammet omfattar planprosessen for planlegging av oppdrettsanlegg i fjellhallar i Raudbergvika, og no i tillegg tunell til Eidsdal med fylling i sjø og etablering av industriområde nordvest for Eidsdal sentrum. 

Ein ber om at eventuelle innspel til planprogrammet sendast til Nordplan AS innan fristen 18.08.21.

Frist for merknader og innspel til oppstartsvarselet er sett til 18. august 2021.

Innspel og merknader skal vere skriftlege, og sendast anten pr. brev til Nordplan AS avd. Ålesund, Notenesgata 14, 6002 Ålesund eller e-post til hh@nordplan.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til prosjektansvarleg hos Nordplan, Heidi Hansen på tlf. 928 57 809.

Planprogram områdeplan for Raudbergvika -Eidsdal, Fjord kommune, 21.10 2020, rev.B 06.06.2021 (PDF, 7 MB)

Oppdatert planprogram for Raudbervika Landbasert Oppdrett med tunell og industri i Eidsdal (PDF, 2 MB)