Offentleg ettersyn - Søknad om akvakulturlokalitet - Smineset

Offentleg ettersyn - Søknad om akvakulturlokalitet - Smineset

Norsk Sjømat Oppdrett AS søker om ny akvakulturlokalitet for visningsløyve på Smineset. Det er søkt om ein biomasse på 780 tonn MTB. Søknaden er vurdert som komplett av Møre og Romsdal fylkeskommune, og vert lagt ut for offentleg ettersyn i 4 veker. Søknaden vert kunngjort i Storfjornytt, Bygdebladet og Norsk lysingsblad.

Klikk for stort bilete 

I samband med søknaden om akvakulturlokalitet var det naudsynt med dispensasjon frå gjeldande arealplan. Fjord kommune fatta 23.04.2021 vedtak om mellombels dispensasjon for 5 år. Kommunen har ikkje gitt oppsettande verknad på vedtaket. Det er klaga på dispensasjonsvedtaket og kommunen har oppretthalde sitt vedtak. Klaga er oversendt KMD for behandling av settestatsforvaltar. Vi viser til at akvakulturlova opnar for at søknadar om løyve til akvakultur kan behandlast sjølv om tiltaket er i strid med arealplanen, så lenge planmyndigheita gir sitt samtykke. Fjord kommune har som lokal planmyndigheit fatta vedtak om dispensasjon utan oppsettande verknad, og dei har oppretthalde dette i si klagebehandling. Møre og Romsdal fylkeskommune si vurdering er at ein dispensasjon ligg føre. Vi gjer merksam på at dersom dispensasjonsvedtaket blir omgjort av settestatsforvaltaren vil vi stanse saksbehandlinga ev. vil eit gitt løyve etter akvakulturlova ikkje vere gyldig.

Merknader til søknaden sendast Fjord kommune via e-post post@fjord.kommune.no eller pr. post til pb. 144, 6211 Valldal.

Frist for å kome med uttale vert sett til 30. september. 

Norsk Sjømat Oppdrett AS - Søknad om ny akvakulturlokalitet for visningsløyve på Smineset Fjord kommune (PDF, 175 kB)

Smineset NSO-zoom 05.09.19 (PDF, 731 kB)

Slakteri-avtale - NSO -okt 2019 (PDF, 826 kB)

Sjøkart lokalitetar (PDF, 406 kB)

Rasforårsaket bølge i Storfjorden - Urdnanes - Smines - STIM 02.09.19 (PDF, 301 kB)

Kvittering - søknadsgebyr - Smineset (PDF, 206 kB)

Koordinater fortøyninger - Smineset (PDF, 45 kB)

Koordinater anlegg - Smineset (PDF, 15 kB)

IK NSO - Risikovurdering Smitte Sykdom Dødelighet (PDF, 700 kB)

IK NSO - Risikovurdering Lakselus (PDF, 602 kB)

IK NSO - Risikovurdering Fiskevelferd (PDF, 492 kB)

IK NSO - Innholdsfortegnelse (PDF, 177 kB)

Tillatelse til akvakultur i flytende eller landbasert anlegg (PDF, 273 kB)

IK NSO - Beredskapsplan Smineset - Urdaneset (PDF, 938 kB)

Hordafor - avtale - NSO - okt 2019 (PDF, 2 MB)

Frysefaktorar Fiskeri Akvakultur (PDF, 2 MB)

Forundersøkelse Smineset - STIM - okt. 2019 (PDF, 3 MB)

Bunntopografi (PDF, 855 kB)

Arealplan Stordal (PDF, 348 kB)

Fjord kommune - Vedtak - Fiskeoppdrett i sjø - dispensasjon frå kommuneplan (PDF, 775 kB)

Søknad - NSO - sept. 2019 (PDF, 327 kB)

STIM Rapport Smineset Strøm 1 - 2019 (PDF, 5 MB)

STIM Rapport 6 - 2019  Smineset B-und - 2019 (PDF, 4 MB)

STIM Miljø Rapport 14-2019 Smineset C-undersøkelse (PDF, 20 MB)

Smineset -Olex - koordinatpunkt (PDF, 789 kB)

Smineset - anlegg - flåte - forankringer (PDF, 720 kB)