Kunngjering – Detaljregulering for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping

Kunngjering – Detaljregulering for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping

I kommunestyremøte (sak 035/21) 20.05.2021 vedtok Fjord kommune med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 detaljreguleringsplan for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping.

Eventuell klage på vedtaket skal sendast skriftleg anten pr. e-post post@fjord.kommune.no eller pr. post til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal innan 17. juni. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.

Partar i saka er underretta ved særskilt brev.

Plandokument:

Saksframlegg (PDF, 2 MB)
Planomtale 12.05.2020 (PDF, 7 MB)
Plankart 1-1000 (A3) 12.05.2020 (PDF, 543 kB)
Føresegner 12.05.2020 (PDF, 222 kB)
Notat til sakshandsaming - Moglegheiter for meir velfungerande friområde ved Tafjord friluftsbad (PDF, 2 MB)