Høyring: Kulturminneplan for Fjord kommune 2021-2030

Høyring: Kulturminneplan for Fjord kommune 2021-2030

I møte (sak 115/21) vedtok formannskapet i Fjord kommune - med bakgrunn i Pbl § 5.2 - å leggje utkast til ny kulturminneplan for Fjord kommune 2021-2030, ut på høyring i seks veker.

Innspel knytt til planutkastet skal sendast skriftleg til post@fjord.kommune.no eller til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal innan 10. november 2021.

Arbeidet med å utforme kulturminneplan for Fjord kommune - den 5. største kommunen i Møre og Romsdal, med sine 1 190,58 kvadratkilometer - er omfattande. Den pågande pandemien har vidare sett sine klare begrensingar i høve til val av arbeidsmåte. Når ein no har eit utkast til plan klart - og legg dette ut til høyring - er det også med ein klar erkjennelse av at vi treng dykkar hjelp til å få planen både så korrekt og så komplett som mogleg. Vårt ynskje er at flest mulig - anten det no er private, lag og organisasjonar, stiftingar, verksemder eller anna - ynskjer vere med å bidra i dette arbeidet, ved å kome med innspel. Dette vil heilt klart kunne handle om objekt, som enno ikkje er komne med i oversikta. Det kan handle om objekt som er komne med, men som er omtala feil og det kan nok også tenkjast at objekt som er omtala i planen faktisk ikkje høyrer heime der. Har det t.d. stått eit stabbur ein stad - omtala i planen - men som ikkje lengre eksisterer, er dette informasjon det er fint å få inn. I tilfeller som det, vil det uansett vere bra å kjenne til at det faktisk har stått eit stabbur der, eller ein guanofabrikk, eller kva det enn måtte vere.

Det er nok brei semje om kor viktig det er å ha fokus på kulturminna våre og kva verdi dei representerer - og det i vid forstand. Vi har prøvd å få synleggjort kor omfattande dette er og i tillegg også kor mykje bra som alt er blitt utretta. Vi har også kome inn på kor privilegerte vi er i vår kommune, som har så mange som sit på ein enorm kunnskap knytt til kulturminne i sine lokalmiljø. Dette - i lag med ei lang liste med objekt – har resultert i at plandokumentet er blitt relativt omfattande. Vi håper at det vi har innhenta av informasjon også kan bidra til ei endå sterkare interesse for temaet. Vi har lagt vekt på å få synleggjort kvar ein kan finne meir informasjon om kulturminna våre her lokalt og også kvar det er råd å søkje etter midlar for betre å ta vare på dei. Skal ein søkje etter midlar, vil det i dei aller fleste tilfelle vere slik at det er ein klar fordel at objektet ein ynskjer søkje midlar til, faktisk er omtala i ein slik plan. Det kan kanskje vere grunn god nok til å få sendt inn slikt/slike innspel.

For den som evt ikkje har tilgong til heimesida vår, kan det vere greit å vite at ein i tillegg også finn plandokumenta på sørviskontor og bibliotek.

Med dette er oppmodinga hermed klar: Send oss innspel og bli med på å gjere Fjord kommune sin kulturminneplan så bra som berre mulig!

Les planutkastet her (PDF, 9 MB)
Oversikt over kulturminner (PDF, 2 MB)