Gratis bustadtomter

Gratis bustadtomter

Er du leiting etter ei bustadtomt? Fjord kommune har bestemt at 12 av tomtene i seks kommunale bustadfelt skal gis bort gratis til dei som fyrst bestemmer seg for å byggje på tomtene. Kampanjen varer ut 2021.
 I tillegg har kommunen ledig tomter som seljast til fastpris i alle bygdene ​​​​​​​

Gratistomtene er fordelt mellom dei tre bygdene med:

 

Tomtene delast ut etter «første-mann-til-mølla»-prinsippet. Dei som ynskjer å overta ein av tomtene må sende inn søknad om gratis bustadtomt gjennom digitalt søknadsskjema 

 

Vilkår for kjøp av kommunal bustadtomt

Vilkåra for overtaking av gratis tomt er dei same som kommunen set til kjøp av tomt til ordinær pris (kr 50 pr. kvadratmeter):

  • Kommunen sender skøyte for tomt når faktura for oppmåling- og tinglysningsgebyr og depositum (10 000 kr) er innbetalt, og signert kjøpekontrakt er returnert til kommunen.
  • Byggetiltak må settast i gong innan to år .
  • Ikkje utbygd tomt vert tilbakeført til Fjord kommune etter to år.
  • Kjøpar har ikkje løyve til å selje tomta vidare.
  • Kjøparar som ikkje alt er innbyggarar i Fjord kommune må melde flytting når bustaden er innflyttingsklar.

 

Tilknytingsgebyr for kraft, vatn og avløp kjem i tillegg.

Emma Kuskemoen
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 418 67 925