Klage på vedtak i plan- og byggjesak

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du mottok vedtaket.
Klagen må vere postlagt før fristen går ut. Kommunen kan ta klagen til følgje og endre eige vedtak, eller den vert sendt til fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. 

Korleis klagar du?

Klagen må:

  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne alle opplysningar som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering
  • angi kva vedtak det vert klaga på
  • angi kva endringar som eventuelt er ønska
  • vere underteikna

Klagen kan sendast på e-post til post@fjord.kommune.no, eller per post til Fjord kommune, pb. 144, 6211 Valldal.

Sjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Ved klage vil kommunen avgjere om det er grunnlag for å utsette igangsetting. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.

Aktuelt lovverk

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

Trond Alstadsæter
Konst. kommunalsjef teknisk og næring
E-post
Telefon 99 71 12 52