Feiing og tilsyn

Feiing og tilsyn

Forskrift om feiing og tilsyn (PDF, 741 kB).

Feiing

Pipene i kommune skal feiast minimum annakvart år.

Tilsyn

Fyringsanlegg vert kontrollert kvart 4. år. Dette gjeld alle eldstadar, anten dei er fyrte med ved, olje eller gass. I tillegg blir det kontroll av sløkkeutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar. Særskilte fyrrom for sentralfyr vert også kontrollerte. Skorsteinen kan, etter avtale, bli inspisert med spesialkamera dersom det er mistanke om feil eller manglar som kan oppstå til dømes ved ein pipebrann.

Fritidsbustad

Det er også starta opp med tilsyn på hytter og fritidsbustader i kommunen. Kor ofte tilsyn og feiing skal gjennomførast blir bestemt etter ei risikovurdering.

Melding om installering eller endring av eldstad

Du plikar til å melde frå til kommunen når du innstalerer eldstad eller om det blir gjort vesentlege endringar ved allereie eksisterande fyringsanlegg.

Registreringsskjema for eldstad.

Installering eller rehabilitering av skorstein

Installering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ved nybygg er dette normalt ein del av byggesøknaden. 

Ved rehabilitering må det søkast særskilt. 

Fritak for feiing og tilsyn

Om du har ein skorstein som ikkje er i bruk, kan du søke om fritak frå feiing og tilsyn. For at fritaket skal kunne innvilgast må alle elstader vere fråkopla eller plombert. 

Lars kjell Smoge
Teamleiar
E-post
Telefon 70 25 88 43