Eldstad og skorstein

Uavhengig om du må sende byggesøknad eller ikkje, må du alltid sende melding til kommunen når du installerer eller endrar ein eldstad.

Melding om installering eller endring av eldstad

Du pliktar å melde frå til kommunen når du innstallerar eldstad eller om det blir gjord vesentlege endringar ved allereie eksisterande fyringsanlegg.

Det er ikkje formelle krav til dette å fjerne ein omn, bortsett frå at det skal gjerast på ein fagleg og skikkeleg måte. Kommunen kan gjerne få ei melding om fjerning men det er ikkje eit krav. Har du berre ein omn og fjernar den, er det lurt å gje beskjed til kommunen pga avgifta.

Det er ikkje formelle krav til den som skal montere ein eldstad. Vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.
Du må alltid gje tilbakemelding til kommunen om montering av eldstad.

Melding om installasjon av eldstad

Installering eller rehabilitering av skorstein

Innstallering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova ved nybygg er dette normalt ein del av byggesøknaden. Du må sende byggjesøknad dersom du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere ein skorstein.

Elektronisk skjema - søknad om rehabilitering av skorstein

 

Eirin S. Solvang
Brannvern - feiar
E-post
Telefon 41 86 79 13