Bålbrenning

Generelle retningslinjer for bålbrenning i Fjord kommune

Den som brenn bål har ansvar for

  • å be om løyve i frå grunneigar
  • at bålstaden er tilstrekkeleg sikra mot spreiing av brann.
  • å skaffe til veie sløkkevatn og reiskap
  • at bålbrenninga ikkje skaper problem eller ubehag for naboar i nærområdet. Det må vere samtykke frå naboar eller grendalaget om bålbrenninga.
  • å sjå til at bålet berre består av reine produkt (ubehandla trevirke, papir/papp), ikkje malt/trykkimpregnert trevirke eller søppel (plast, møbler etc.).
  • å ikkje forlate bålet før det er fullstendig sløkt.
  • å sløkkje bålet ved mørkets frambrot (gjeld ikkje Sankthansbål)
  • All brenning skjer på eige ansvar.

Når skal brannvesenet varslast?

Om du skal brenne bråte, eller eit bål som er så stort at det kan oppfattast som ein alvorleg situasjon, skal brannvesenet varslast slik at vi unngår unødig utrykking.

Sankthansbål

Det er lov å brenne Jonsokbål i Fjord kommune, men om det er innført totalt bålforbod gjeld det også Jonsokbål. Dei generelle retningslinjene for bålbrenning skal følgast, og bålet skal brennast på sjølve Jonsokaften eller næraste helg. 

Det kan bli gjennomført kontroll av bål utan forvarsel, og det vil kunne bli nekta å tenne bålet om generelle retningslinjer for bålbrenning ikkje er følgde. 

Totalt bålforbod

Viss skogbrannfaren er høg kan brannsjefen legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Eit slikt totalforbod inneber at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål verken i skog, utmark eller på stranda. Du kan heller ikkje bruke bålplassar når det er totalforbod. Grilling i eigen hage er som regel tillatt så lenge du passer godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totaltforbod.

Forbod mot bruk av open eld utandørs frå 15. april til 15. september

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt og faren for skog- og lyngbrann aukar. I Norge er det derfor generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark.

Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann. Dette kan for eksempel vere viss det ligg snø på bakken, eller det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov å grille i eigen hage og på tilrettelagte grill- og bålplassar som er godkjent av kommunen.

Inge Teigen
Brannsjef Stranda og Fjord
E-post
Telefon 46 41 10 33