Etablerarprøve

Etablerarprøve

Om du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad og servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøven.

Kven kan ta prøven?

Alle som ønsker det kan ta etablererprøven.

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. Servicetorget i Fjord kommune har eit eksemplar av boka til utlån. I tillegg kan du kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få moglegheit til å teste deg sjølv, på vinn.no.

Kva kostar det?

Du betalar kr 400 når du møter for å ta prøven. Du kan betale kontant eller få tilsendt faktura.

Kvar tek du prøven?

I Servicetorget på rådhuset. Du kan også ta prøven i andre kommuner. 

Gjennomføring av prøven

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førarkort eller bankkort med bilde.
  • Du må levere frå deg telefonen før du tek prøven.
  • Prøven er ein elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling, det kan du få låne i servicetorget. 

Tilrettelegging ved spesielle behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelser, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det let seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve.

Påmelding 

Ta kontakt med oss på telefon 418 67 800 eller e-post for å avtale tid. 

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.

Lover og reglar

Lover og forskrifter som gjeld for serverings-, sals og skjenkestader

 

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon +47 41 86 78 00