Årsfesten for Stordalshallen 2021 vert flytta

Årsfesten for Stordalshallen 2021 vert flytta

Det er grenda Øvrebust sin tur til å arrangere årsfest og dei var i gong med førebuingane med utgangspunkt i at festen kunne gjennomførast siste helga i vinterferien, slik tradisjonen har vore i alle år. Men uvissa i høve til den pågåande pandemien, gjer at ein har bestemt seg for å flytte festen til haustferien i staden. Denne er i veke 41 og festen vil då - gitt at ting har normalisert seg - bli arrangert laurdag den 16. oktober.