Fjord kommune gir kulturmidlar til drift av frivillige lag og organisasjonar som driv kulturaktivitetar. Det er også mogleg å søke om tilskot til investeringar for forsamlingshus.
Tildeling av kulturmidlar 2023
Melding frå kommmunedirektøren:
Som ledd i økonomisk omstilling, er det frå administrasjonen si side foreslått at ein ikkje tildeler kulturmidlar i 2023. Dette krev eit politisk vedtak som vil kome i samband med budsjettrevisjon i kommunestyret 22. juni.Utlysing og tildeling av kulturmidlar må derfor ta atterhald om politisk vedtak.
Søknadsfrist for 2023 er ikkje avklart og søknadsskjema er difor ikkje opna enno.
Publisert 26.05.2023 11.50