Ta kontakt, dialog er viktig!

Biblioteket i Valldal har starta oppatt med SOFA, og sist veke hadde vi besøk av politikontakten for Fjord kommune, Øyvind Verpeide. Han fortalte om arbeidet sitt som kontaktledd mellom politiet og kommunen.

Hovudoppgåva til politiet er å arbeide førebyggjande mot kriminalitet.

Dei ønskjer å vere lokalt forankra med god lokalkunskap.
Om innbyggjarane ser noko dei er uroa over så ber politiet om at vi tek kontakt. Politiet veit ikkje alt og om dei ikkje får vite kva som føregår kan dei heller ikkje gjere noko med det.

Storfjordnytt var også til stades og her kan du lese meir om besøket og politiet sine oppgåver i Fjord.