Digital utstilling på biblioteket

Digital utstilling på biblioteket

Digital utstilling på biblioteketBli med på ei tidsreise til Møre og Romsdal i vikingtida. Korleis levde folk og korleis såg husa og landskapet ut? På biblioteket i Valldal kan du no sjå ei digital utstilling om Veøya.

Ta ein tur til Veøya i vikingtida her.

Dette er eit minimuseum med digital framstilling av Veøya som er på turne til biblioteka i sommar. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune og prosjektet Ein bit av historia som står bak utstillinga.

Utstilling blir ståande i Valldal til 28. august.
Biblioteket i Stordal får besøk i september.

Velkomen innom!